Hald ut av O Bjerke
At vi vart fødd
og vart til den vi er
var eit slumpetreff
Men det pålegg oss
eit stort ansvar.
Vi kunne vorte ein meitemark
som blir trædd inn
på ein fiskekrok
eller slukt
av ein måke
bak ein plog
eller tvinga opp av jorda
under kraftig regnver
til ein bleik død
på ein hard veg.
Når vi synest det er vondt
å væra menneske
kan vi tenkje som så:
Det er ikkje lett
å væra meitemark heller
-Så hald ut
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar