Me siglar ikkje same havet
endå det ser so ut.
Grovt timber og jarn på dekk
sand og sement i romet
djupt ligg eg
seint sig eg
stampar i broddsjø
uler i skodde.
Du siglar i ein papirbåt
og draumen ber det blå seglet,
so linn er vinden
so var er bylja...
Olav H. Hauge
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar